For alle som har delteke på tre skirenn eller fleire blir det skiavslutning fredag 4. mai klokka 18.00 i kantina på Skjåk Ungdomsskule.
Lysløya i Dønnfoss har for tiden noen plasser der det er skader på traseen på grunn av skogsdrift etter Dagmar. Skadene vil bli ordnet når arbeidet er ferdig og forholdene tillater det.
Strevar dessverre med å få fram resultata frå påskesprinten som var torsdag. Påskesprinten er vel overstått og arrangørane er godt nøgde med deltakinga. Det var mange ivrige skiløparar frå tre år og oppover. Barn under sju år gjekk utan tid. Skigruppa vil rette ein stor takk til alle frivillige som stilte opp.
Alpindagen på Grotli vart ein vellykka dag for alle som var der. Veret var også på vår side. På alpinrennet var det 47 startande unge og vaksne. Rennlista med resultat finn de under resultater.
Det vart ein aktiv dag for skiløparane som stilte i Botn sundag 18 mars. Det var 63 startande på karusellrennet, 12 stafettlag og rundt 30 startande i hopprennet. Dette var det siste karusellrennet- langrenn til skigruppa denne vinteren. Det er framleis att ei sjanse til å få tre karusellrenn ved å delta på alpinrenn sundag 25. mars.
Skjåk stilte med tre lag på stafetten på Heidalskogen onsdag 22. februar. Laget som deltok i klassa 8-11 år gjorde ein flott innsats. Dei to laga som stilte i 11-16 års klassa tok 4. og 5. plass i stafetten. Neste grannekarusell er i Sjårdalen onsdag 7. mars.
Alle kan nytte seg av skihuset ved parkeringsplassen og varmebue på toppen av skileikområdet.
Skitrening i Botn kvar onsdag klokka 18.00.
Skigruppa fekk avslag på søknaden om 700 000 kroner til kjøp av ny maskin hjå Gjensidige Stiftinga. Vi må nå ta ei ny runde med dei som har sagt seg villige til å sponse kjøpet av ei ny maskin.
Skigruppa kjører opp fleire hundre kilometer med skiløyper kvar vinter. Vi har eit flott skianlegg i Botn for både langrenn og skiskyting med preparerte løyper. Her er ei ljosløype på 3 kilometer og ei sløyfe opp til Botnsetrane på 8 kilometer. I vinter har det og vore løypar rundt barneskulane i bygda.
Medio februar kjører vi opp Åsen Rundt, som går frå Botn, over til Stuttgongen, vidare ned til Ås-setrene, ned til Pollfoss og inn att i løypenettet.
Ved Dønfoss har vi ei ljossløype som startar bak Coop Bruvoll. Ho går ca to kilometer flatt oppover til ei runde på 3 kilometer, ljosløype er ca. 7 kilometer.
|
Etter jul og fram til påske, blir det arrangert ni karusellrenn, skisportens dag og klubbrenn for alle som vil vere med. Det er gratis å delta.
Vi oppfordrar alle til å delta på skileik etter skirenna.
Alle som deltek på minst tre karusellrenn får premie på skiavslutning om våren. Og telenorpremie går til alle som deltek på minst to telenor-karusellrenn.
Kvar påske blir Påskesprinten arrangert på Nysetra, og denne tradisjonelle skifesten samlar kvart år ca. 250 deltagarar i alle aldrar.
Det blir varme grillar, sal av vaflar og kaffi. Ungane vil få servert varm saft etter skirenna. Er det spørsmål knytt til løype- og vêrforhold kan ein ringe 918 32 966.
|